Verdi- og lånetakst

Denne takstrapporten vert utarbeidd med grunnlag i synfaring og oppmåling av bustaden.

Rapporten inneheld ei teknisk skildring av bustaden og dei areale som vert utrekna etter oppmåling. Rapporten inneheld også ei enkel vurdering av vedlikehaldet som er gjort på bustaden, men den tekniske tilstanden vert ikkje grundigare undersøkt.

Verdien vert fastsett ut frå teknisk tilstand, eigedomsmarknaden i området og bustaden si plassering  med vurdering av utsikt, soltilhøve, kommunikasjonar, avstand til butikk, skule, barnehage ol.

Verdi- og lånetakst  vert ofte nytta i samband med finansiering og refinansiering av bustad, samt fordeling av verdiar ved arveoppgjer eller oppløysing av sameige (ekteskapsbrot). Ved sal tilrår vi utarbeiding av bustadsalsrapport då denne inneheld ein grundigare teknisk gjennomgang av bustaden.