Bustadsalsrapport

Vi utarbeider bustadsalsrapport for alle typar bustader.

Rapporten byggjer på  den tekniske tilstanden som vert gjennomgått under synfaring, og tilstanden vert bestemt for kvar einskild bygningsdel ut frå avvik i høve til fastsette referansenivå. Rapporten vert avslutta med ein økonomisk konklusjon om bustaden sin marknadsverdi.

Bustadsalsrapporten er i prinsippet ein tilstandsrapport der det vert lagt ekstra  vekt på byggtekniske tilhøve som er særskilt viktige ved eigarskifte. Bustadsalsrapporten erstattar ikkje seljaren si opplysningsplikt eller kjøparen si plikt til sjølv å undersøkje bustaden som skal kjøpast, men er eit dokument som kan gjere handelen tryggare for begge partar.

Rapporten er tilpassa lovverket slik at spørsmål som ofte kan ende i retten, så langt råd er, er peika på, og vurderte i rapporten. Levetidsvurderingar  vert gjort etter gjennomgang av heile bustaden etter ei detaljert sjekkliste. Bustadsalsrapporten føreset  at seljar på førehand fyller ut ei standardisert  eigenfråsegn som grunnlag for det vidare takseringsarbeidet.